Herøy-reiar trur det er meir kake igjen:

Åge Remøy startar på nytt i offshore

Åge Remøy har starta selskap som skal investere i offshoreverksemd. Måndag lettar han på sløret.

Ikkje pensjonist: Sjølv om Åge Remøy måtte kaste inn handkledet i kampen for Rem Offshore, er det lite som tyder på at han har tenkt til å pensjonere seg. Reiaren har åtvara mot at eigarskapen i den maritime klynga skal forvitre. Same dag som Rem vert historie, vil han lette på sløret om vidare planar med nytt investeringsselskap. Arkivfoto  Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Måndag vert det kalla inn til ekstraordinær generalforsamling i Rem Offshore. På sakslista står godkjenning av fusjonen med Solstad Offshore. Reiarlaget er i praksis historie når dette siste formelle vedtaket blir fatta.