Nokre kilometer frå Fosnavåg og det no avvikla hovudkontoret til Rem Offshore, arbeider framleis Havila Shipping med å kome fram til ein avtale med sine kreditorar.

Styreleiar Per Sævik har naturleg nok fått med seg oppstarten av det nye investeringsselskapet til sambygdingen Åge Remøy - In Nord Vest.

Trioen Remøy, Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth har stabla ein halv milliard kroner på beina for å investere i offshore.

– Spennande sak

Sævik synest det er interessante planar Åge Remøy la for dagen måndag: – Det er ei spennande sak, meiner han.

– Er 500 millionar nok til å spele ei betydeleg rolle?

– Utan at eg kjenner deira økonomiske situasjon, så trur eg også dei kan legge meir pengar på bordet og absolutt vere ein betydeleg aktør i den konsolideringa som vil skje framover, seier Sævik.

Summen er den same som Kjell Inge Røkke og Aker opplyste at dei hadde tilført Solstad Offshore i sommar, og som i stor grad skulle nyttast til vidare vekst.

Stig Remøy: – Positivt

Stig Remøy sin advokat stemte måndag mot fusjonen med Solstad fordi han meiner minoritetseigarane kom for dårleg ut.

Men Olympic Shipping-eigaren støttar broren sin nysatsing.

– Det er positivt at det blir satsa for å behalde offshorereiarlag på Sunnmøre, skriv han i ein sms måndag.

På same vis som Farstad Shipping, fekk Olympic nyleg forlenga ein avtale som gjer at dei slepp å betale avdrag på gjelda. For Olympic sin del går den nye fristen ut fredag denne veka.

Stig Remøy opplyser at dei framleis jobbar for ei langsiktig løysing, og har stor tru på at dei kjem i hamn.

Remøy satsar: Vil bruke halv milliard nord for Stad

Rem Offshore er historie: Fusjonen vedteke til protest

Ikkje vurdert samarbeid

Per Sævik seier at Havila ikkje har vurdert om dei vil nytte invitasjonen frå Remøy til eit nærare samarbeid.

– No er dette ei nyheit vi fekk i dag, så vi har ikkje gjort slike vurderingar frå vår side. Men vi er på talefot, påpeiker han.

Sævik har også merka seg at pengane skal nyttast nord for Stad.

– Det legg visse føringar på kven dei kan gå i kompaniskap med, seier Sævik.

– Prøvar å vere optimist

Etter at Sævik for nokre veker sidan trudde dei snart var i mål, har det vorte stille frå reiarlaget med hovudkontor på Mjølstadneset.

– Eg prøver å vere optimist av legning, men det viser seg at ting tar tid. Problemet er det det same som det har vore sidan februar: Å finne ei løysing som passar alle partar, seier han.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no