Det var eit tyrkisk skipsverft som fekk kontrakten på Fjord1 sine to første batteriferjer. Men næringslivet på Sunnmøre får i alle fall ta del.

No har Servi Ulsteinvik landa ein kontrakt på hydraulikksystemet til dei to batteriferjene.

Leveransen omfattar blant anna Servi Ulsteinvik AS sitt energisparande konsept, eit hydraulikkaggregat med opptil 80 prosent energisparing samanlikna med tradisjonelle system, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Dette er spesielt eigna for batteriferjer, der kontroll på bruk av energiressursar er spesielt viktig, skriv selskapet vidare.

Dei to Fjord1-ferjene skal leverast i november 2017, og skal gå i rute på Anda-Lote frå januar 2018.

Designen på ferjene er det Førde-selskapet Multi Marine som står for.