Fristen er forlenga frå 14. til 21. oktober, melder Olympic Ship AS i ei børsmelding måndag ettermiddag.

I mellomtida betaler selskapet berre renter, ikkje avdrag på gjeld.

Lokale investorar ønskjer å skyte inn 500 millioner kroner, der 400 millioner er frisk kapital, opplyste Olympic før helga.

- Eg er glad for at vi har klart å få på plass eit lokalt fellesskap som har tru på Olympic, sa Olympic-sjef Stig Remøy til smp.no før helga.

Olympic inngjekk den såkalla «standstill»-avtalen i juli.