Skal krysse fjorden automatisk

Dei nye el-ferjene som skal gå mellom Anda og Lote, blir installert med system for automatisk fjordkryssing.

El-ferjer Tersan-verftet i Tyrkia skal i haust begynne på dei to nye el-ferjene som Fjord1 har bestilt. Ferjene skal gå over Nordfjorden mellom Anda og Lote, med automatisk fjordkryssingsystem utvikla av Rolls-Royce.  Foto: Illustrasjon: Multi Maritime

Næringsliv

Rolls-Royce har signert kontrakt om levering av eit nyutvikla «auto crossing»-system til to nye Fjord1-ferjer.

Systemet skal innstallerast på ferjene som skal inn i rute på ferjestrekninga Anda-Lote på E39 i Nordfjord.

Meir automtomi

Ifølgje ei pressemelding frå Rolls-Royce har batteridrivne ferjer årlege begrensingar på energiforbruk. Ei løysing for automatisk kryssing av fjorden sikrar at overfarten blir jamn og dermed gir meir føreseieleg energiforbruk.

Systemet er utvikla for å hjelpe ferjeoperatøren med driftstryggleik og føreseieleg energiforbruk i ulike vêrforhold.

– Det er også eit godt eksempel på stadig større grad av autonomi til sjøs, seier Jann Peter Strand, produktsjef for automasjon & kontroll i Marindivisjonen til Rolls-Royce i Ålesund.

Snart automatisk til kai

Systemet for automatisk fjordkrysning vil kontrollere akselerasjon, retardasjon, fart og rute. To azipull-thrusterar frå Rolls-Royce syter for at framdrifta blir tilpassa forholda, og bidreg til at overfarten blir mest mulig energieffektiv.

Kapteinen vil overvake Auto Crossing-systemet og kan ta over om nødvendig.

I denne første utgåva av systemet vil kapteinen manuelt manøvrere ferja siste meterane inn til kai. Neste generasjon av systemet vil automatisere også denne delen av drifta, ifølgje pressemeldinga frå Rolls-Royce.

Viss kapteinen av ein eller anna grunn ikkje er i stand til å ta manuell kontroll, vil systemet stanse fartøyet i trygg avstand frå land og halde det i sikker posisjon så lenge som nødvendig.

I drift om vel to år

Det automatiske kryssingssystemet kan også installerast på eksisterande fartøy.

Tersan-verftet i Tyrkia begynner å byggje dei nye el-ferjene i haust. Dei er utvikla av norske Multi Maritime i samarbeid med Fjord1. Planen er at dei skal vere i drift fra januar 2018.



Byggjast i Tyrkia

El-ferjer til Lote-Anda

Fjord1 skal byggje to nye batteriferjer på sambandet Anda-Lote. Ferjene skal kome i drift frå 2018.



Bygging av nye ferjer:

Verftsnæringa: – Må byggje ferjer i Norge

– Mykje av teknologien er norsk, men dei to neste elektriske ferjene skal byggjast i Tyrkia. – Eit nederlag, meiner verftsnæringa.



Servi Ulsteinvik er med på batteriferje

Glad for å få levere til miljøvenleg transport.