Reiarlaget i Ulsteinvik opplyser at dei legg brønnintervensjonsskipa Island Wellserver og Island Frontier i vinteropplag etter at dei torsdag var ferdig med oppdrag for Statoil.

Skipa skal ut igjen på ny jobb for oljeselskapet frå 1. april neste år, og har kontrakt fram til 2020.

Ratene for dårlege

Administrerande direktør Håvard Ulstein opplyser at ratene i spotmarknaden er for dårlege til at det er pengar å tene.

– Mange reiarar vel å ha fartøya gåande i spotmarknaden til rater og utnytting som er sjølvutslettande. Dette kan ikkje Island Offshore vere med på, seier Ulstein i ei pressemelding.

Island-direktøren opplyser til smp.no at kring 330 av 1200 tilsette blir permitert som følgje av situasjonen.

Les også: Kring 330 sjøfolk blir permittert (krever innlogging)

Samstundes melder reiarlaget at plattformforsyningsskipa Island Crusader og Island Clipper leggjast i opplag til våren. Island Crusader har ligge til havn i Hjørungavåg ei vekes tid alt. Island Clipper vert lagt ved Langneset i Tomrefjorden.

Også ROV-fartøyet Island Sprit blir liggjande i opplag over nyttår, og er lagt til kai i Haddal saman med Island Endeavour og Island Express.

12 av 28 skip ute

Reiarlaget har no fem fartøy i såkalla kaldt opplag: Island Duke, Island Duchess, Island Dragon, Island Express og Island Endeavour. I tillegg blir no sju skip liggande i sesongopplag.

Den resterande flåten på 16 fartøy har framleis god kontraktsdekning, opplyser reiarlaget.