Olympic Holding AS har søkt Herøy kommune om å få utsett byggefrist til 5. oktober 2018.

– Årsak er at dei utarbeidde utviklingsplanane er utsett inntil vidare, skriv Stig Remøy i søknaden til kommunen.

Krillfabrikk

Stig Remøy varsla allereie i 2011 at han hadde planar om å byggje krillfabrikk og hovudkontor for Olympic-konsernet på Mjølstadneset. I 2014 varsla han at det kunne bli byggestart innan eitt år for storsatsinga.

Den 26 mål store tomta ligg i Mjølstadneset industriområde og er klargjort for utbygging.

Ifølgje kjøpekontrakten frå 2013 betalte Olympic Holding 7,7 millionar kroner for tomta.

Tilrår utsett frist

Rådmannen rår til at kommunen gir utsett frist i to år, slik Remøy har søkt om, ifølgje sakspapira til formannskapet i Herøy.

Det blir vist til at kommunen i dag har anna tilgjengeleg areal innanfor industriområdet, som kan seljast til potensielle industrietableringar.

Ei utsetjing på tomta til Olympic vil ikkje ha nemneverdige konsekvensar, slik situasjonen er i dag, heiter det i vurderinga.