– Tidlegare i planlegginga har det vore gjennomført eit forprosjekt for smoltanlegg i Helland-bygget. No er det laga eit nytt forprosjekt som også omfattar naboen Pedrobygget, fortel Harald Espeland, styreleiar i Stordal Aquaproduksjon.

Det er medeigar Norsk Sjømat AS på Stranda som går i bresjen for prosjektet. Dei treng nemleg råstoff.

Vil vere med

No vil også selskapet AquaGen AS, eit avlsselskap som utviklar, framstiller og leverer genetisk materiale til den globale havbruksindustrien, vere med på satsinga. Difor denne utvidinga.

Torsdag vart dei nye planane presenterte for dei to Høgre-politikarane Helge Orten og Gunnar Gundersen, som begge sit på Stortinget.

For utbyggarane i Stordal treng draghjelp for å få søknader igjennom byråkratiet. Det har nemleg gått månadsvis sidan dei første konsesjons-søknadene vart sende inn.

Per Magne Grøndahl, adm.dir. og eigar i Norsk Sjømat, forklarer at for å kunne ta i bruk stor smolt frå anlegget i Stordal treng dei minimum tre-fire konsesjonar for oppdrett i sjøen.

Norsk Sjømat har difor søkt Fiskeridirektoratet om fire utviklingskonsesjonar for oppdrett i sjø – og to visnings- konsesjonar på Sunnmøre. Utviklingskonsesjonane er baserte på at konsernet vil ta i bruk ny og banebrytande teknologi, og at konsesjonane av stor smolt og nytt moderne utstyr skal redusere lusepress og fare for rømming.

Dette vil ifølgje Grøndahl utløyse investeringar på Sunnmøre på om lag 300–400 millionar kroner.

Planane for anlegget i Stordal går mellom anna ut på å bygge eit klekkeri for rogn, eit stort fôringsanlegg i ferskvatn, og eit oppvarma sjøvatnanlegg.

Søknad

Når smolten er blitt 200–250 gram blir han flytta over til dei største kara – og når dei er blitt 400 gram skal dei ut i merdane i sjøen.

Konsesjonssøknaden for smolt er sendt inn. Og det er lagt opp til ein produksjon av 1600 tonn smolt i året.

– Alt heng saman, og målsettinga til selskapet er at all eigenprodusert laks skal bli brukt til foredling i Norge. Dette vil vere eit viktig grunnlag for å sikre våre ca. 300 arbeidsplassar på Stranda, og skape 50 nye arbeidsplassar i Stordal, skriv Norsk Sjømat i eit brev dei no distribuerer til både lokale og sentrale politikarar.

At dei også søkjer om visningskonsesjon er noko heilt nytt på Sunnmøre. Med ein slik konsesjon kan dei legge til rette for å ta imot besøk på anlegga.

– Vi har vore i kontakt med skular som er interesserte. I tillegg har vi vore i kontakt med turistnæringa. Så vi ser for oss at både skuleelevar, studentar og turistar kan få sjå oppdrettsnæringa på nært hald her i Stordal, fortel Harald Espeland.

Han legg til at dersom dei no får gjennomslag for planane sine, må dei altså ha meir plass. Det betyr at fleire leigetakarar i Pedrobygget må ut, mellom dei møbelbedrifta Sitwell.

– Vi har vore i dialog med dei, og Vekst i Stordal skal klare finne nye lokale til dei her i Stordal, seier Espeland.

På møtet torsdag var også ordførar Eva Hove (Ap). Ho er begeistra:

– Viss alle brikker fell på plass vil dette få svært mykje å seie for Stordal. Vi i kommunen vi gjere vårt for å legge alt til rette for nyetableringar.

DØROPNARAR: Høgre-politikarane Gunnar Gundersen (til venstre) og Helge Orten skal no pushe på for å få ein rask avklaring på konsesjonssøknadene frå Stordal. Foto: Terje Engås
ORDFØRAR: Eva Hove er ordførar i Stordal, og begeistra for dei nye planane for eit smoltanlegg i kommunen. Foto: Terje Engås