Ulstein skal bygge yacht med X-bow

Ulstein verft har sikra seg si første kontrakt på bygging av luksusyacht.

Ny kontrakt Administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstein Verft, salssjef Trond Skodjevåg Bø og informasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein-gruppen.  Foto: Erlend Vikene

Næringsliv

Det blei opplyst ved Ulstein-konsernet på ei pressekonferanse i Ulsteinvik fredag ettermiddag. Det er ein ikkje namngitt privat kunde som har bestilt båten, og yachten blir den første båten for Ulstein i denne marknaden. 

Konsernsjef Gunvor Ulstein omtalar jobben som ein viktig kontrakt for det familieeigde konsernet som er hardt råka av oljenedturen.

Sjå video: – Har jobba med kontrakta i eitt år

(saka held fram under)

Ny marknad Eit døme på yacht med X-bow frå heimesidene til Ulstein Group. Teikningane på luksusyachten til den ikkje namngitte kunden, er ikkje klare.   Foto: Ulstein Group

Kjend yachtdesignar

Ulstien opplyser at den «marine plattforma» og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Medan eksteriørdesign og andre teikningar, skal leverast av den anerkjende yacht-designaren Espen Øino.

Yachten blir 88,5 meter lang og 16,3 meter brei og skal leverast første kvartal 2018. Planleggingsarbeidet er allereie i gong.

– Prosjektet vil gi arbeid til ein betydeleg del av arbeidsstokken ved Ulstein Verft gjennom 2017, opplyser konsernet i ei pressemelding.

(saka held fram under)

Nøgd Skipsdesignar Ann Katrin Barstad i Ulstein Design & Solutions, Salssjef Trond Skodjevåg Bø ved Ulstein Verft og administrerande direktør Kristian Sætre ved verftet er sentrale i arbeidet med yachten.  Foto: Erlend Vikene

Ønska X-bow

– Vi har jobba godt og lenge med å utvikle eit solid og robust yacht-prosjekt. Kunden ønskte den karakteristiske X-bow-en frå Ulstein og saman med Espen Øino, som har ansvaret for eksteriørdesignen og GA-plan, har vi utvikla ei god totalløysing. Vi ser verkeleg fram til å realisere dette prosjektet, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Den anerkjende norske yachtdesigneren er kjend for å teikne båtar for verdas rikaste, og har óg samarbeida med Rolls-Royce med dei nye hurtigruteskipa som skal byggjast ved Kleven. 

Kontrakt og nytt samarbeid for Ulstein-gruppen

Ulstein-konsernet fikk kontrakt med kinesisk verft, og har inngått samarbeid om å bygge verdens lengste skip til oppdrett.


Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no