Onsdag la reiarlaget i Herøy fram ein plan for korleis selskapet skal overleve dei tunge tidene i offshoremarknaden.

Selskapet tok med det eit langt skritt mot ei varig løysing gjennom brottsjøane som følgje av oljenedturen, men framleis står det att å få alle kreditorane med på laget.

– Det viktigaste er at vi har lagt ein plan for dei neste fira åra for korleis vi skal sikre selskapet, seier Sævik til smp.no.

(les presentasjonen av planen i pdf-fil ti lhøgre - under om du les på mobil)

Skjebnedato

Rederiet har helit sidan i vinter vore i forhandlingar med kreditorar og bankar. 23. november skal obligasjonseigarane seie ja, eller nei til planen.

– Vår rådgjevarar jobbar for å selje inn dette forslaget til løysning. Det har vore dialog med alle kreditorar gjennom hausten - så vi veit litt om kva for synspunkt dei har – men vi veit at vi har ein jobb å gjere for å overtyde alle om at dette er den rette løysinga, påpeiker Sævik.

Per i dag manglar dei grønt lys frå kreditorane som sitt på om lag halvparten av den usikra gjelda på 950 millionar.

Reiarlaget har om lag 5,5 milliardar i gjeld i dag, og vil bli kvitt om lag ein tre del - 1,6 milliardar - om planen får gjennomslag.

(saka held fram under)

Utsett avdrag

Forslaget inneberer at reiarlaget i all hovudsak får utsett gjeldsavdrag på 3,2 milliardar kroner fram til 2020. Vidare blir ein del av den usikra gjeld sletta og ein del av den sikra gjelda gjort om til aksjar, samstundes som ein får inn ny eigenkapital via ein emisjon.

Forslaget betyr óg at alle bankane har teke noko tap.

– Vi er vel det første offshorereiarlaget som har klart å få til gjeldskutt på sikra gjeld, påpeiker Sævik.

I børsmeldinga onsdag blir det óg vist til at dei største kreditorane støttar ein «plan B», men denne vil ikkje Sævik seie meir om no.

(saka held fram under)

Vil selje skip

Reiarlaget vil også selje unna fartøy som dei ikkje trur det vil vere ein markand for i framtida. Dei har delt flåten i såkalla «kjernefartøy», og «ikkje-kjernefartøy», der sistnemnte blir forsøkt selt. Til saman dreiar det seg om sju skip.

– Vi har gjort ein definisjon av kva for fartøy vi ikkje trur vil vere vesentleg å ha med vidare i flåten, og det gjeld dei eldste PSV-ane (plattformforsyningskip, journ. anm.) og dei minste ankerhandteringsskipa, fortel Havila-sjefen.

Havila har no 26 skip i flåten og av desse er det 12 PSV-ar og ni ankerhandterarar. Dei opnar også for at kreditorar kan overta skip som ikkje har god nok inntening dei neste åra.

Open for å snakke med andre

Løysinga for Havila, inneberer at Sævik-familien framleis vil ha kontroll på reiarlaget. Leiinga har tidlegare vore opne for å snakke om eit samarbeid med andre reiarlag, og det er framleis aktuelt.

– Vi har vore klare på at vi først må finne ei løysing for Havila. Når den kjem på plass, vil vi ikkje avvise å ha den type diskusjonar, men vi har ikkje noko konkret å seie om det no, held Sævik fram.

Med onsdagens nyheit har alle dei store reiarlaga komen eitt skritt vidare ei endeleg løysing på gjeldsproblema.

Førre veke lanserte Farstad Shipping eit samarbeid med Kristian Siem, medan Olympic Shipping har opplyst at dei har ein gruppe investorar som vil spytte meir pengar inn i deira selskap. Ei endeleg løysing står likevel att for desse.

Det siste store Herøy-reiarlaget, Rem Offshore, har fusjonert inn i Solstad Offshore.