Island Offshore melder at dei er i nye samtaler med sine kreditorar for å kome fram til ei meir omfattande gjeldsavtale. I mellomtida har reiarlaget i Ulsteinvik stoppa å betale avdrag på milliardgjelda, men held fram med å betale rentene, ifølgje ei børsmelding tysdag.

Island Offshore fekk i vår på plass ein avtale for utsett betaling på obligasjonsgjeld på halvanna år, men noverande avtale med bankane, strekk seg førebels til juni 2017. Førre gong måtte eigarane, Ulstein-familien og amerikanske Edison Quest, skyte inn meir eigenkapital. Reiarlaget har også selt fleire skip.

Kring 330 sjøfolk blir permittert i Island Offshore

Fordi det ikkje er utsikter til betring i marknaden, meiner selskapet det er naudsynt med meir omfattande grep.

Ifølgje siste kvartalsrapport har reiarlaget 28 skip i flåten og ei gjeld på nær ni milliardar. Reiarlaget har sett seg nøyd til å gjere permitteringar og oppseiingar, samstundes som fleire skip er lagt i opplag.

Analysesjef i Norne Securities, Karl-Johan Molnes, seier til E24.no tysdag at Ulstein tidligare er nemnt som muleg Olympic-investor, men at tysdagens melding truleg kompliserer ei slik løysing. Han trur det er dei amerikanske partnarane som er forsiktige til dette.

Les også: Svakere Island Offshore-resultat

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no