Havila Shipping legg PSV-ane Havila Fortune og Havila Borg i opplag, saman med ankerhandteringsskipet Havila Mercury, ifølgje ei børsmelding tidleg tysdag.

Sævik-familien kjempar i desse dager for å berge Havila Shipping frå konkurs - og halde kontrollen i reiarlaget.

Reiarlaget i Herøy la nyleg fram eit forslag til korleis selskapet skal klare seg til slutten av 2020, men ei gruppe obligasjonseigarar er misnøgde med planen.

Storbankane har lagt press på långivarane for at dei skal støtte refinansieringsplanen på eit møte onsdag.

Inntektene til offshoreskipa er for dårlege til at det er lønsamt for reiarlaget å ha fartøya i arbeid.

Havila har dermed 10 av 26 skip i flåten i bøyene utan arbeid. Reiarlaget hadde ifølgje den nyleg framlagte kriseplanen sju skip i opplag frå før. Havila vurderer å selje fleire av skipa i samband med gjennomføring av kriseplanen.