Marine Harvest satsar på egget

Lukka oppdrettsmerd skal hindre lakselus og rømming. Fiskeridirektoratet er positiv.

Teikning: Hauge Aqua/Kreativ Side 

Næringsliv

10. februar søkte Marine Harvest om å få ta i bruk 14 lukka oppdrettsmerdar av typen «egget».

Merda skal vere 44 meter høg og 33 meter brei, og skal kunne romme meir enn 1.000 tonn laks.

Fiskeridirektoratet opnar no for å gi løyve til inntil fire anlegg. Dei meiner at tildeling av fire løyve bør vere tilstrekkeleg for at Marine Harvest skal kunne gjennomføre det omsøkte prosjektet.

– Marine Harvest er svært nøgd med den positive tilbakemeldinga frå Fiskeridirektoratet, skriv selskapet i ei børsmelding måndag morgon.

Store verdiar

Den lukka oppdrettsmerda skal hindre lakselus og rømming. Mindre laksefôr skal gå til spille, og merda kan også samle opp avfall, ifølgje Hauge Aqua.

For Marine Harvest skal nyvinninga også gje større verdiskaping, går det fram av børmeldinga.

Planen er å gjennomføre fullskala testing i løpet av 2018.

Fiskeridirektoratet trur at marknadsprisen for kvar lisens vil ligge på rundt 50 millionar kroner.

Mange nye konsept

I fjor haust vart det opna for å søke om utviklingsløyve for prosjekt som løyser miljø- og arealutfordringane som akvakulturnæringa står overfor. Oppdrettarane kan søke på slike løyve fram til november neste år.

«Egget» er utvikla av Hauge Aqua, men er ikkje det einaste nye konseptet som skal overvinne rømming og lakselus.

– Til dags dato har Marine Harvest søkt om 34 lisensar for totalt fire konsept, skriv selskapet i børsmeldinga. Dei fire konsepta inkluderer «Marine Donut» og «Beck Cage».


Havbasert fiske-oppdrett

Første laksemerd til havs får nøter og tau frå Sunnmøre

Når første testanlegg for havbasert fiskeoppdrett tar form, er det med not, nett, line og tau frå Mørenot.



Unge lakselus tåler ferskvann dårlig

Forskere har funnet ut at lakselus som nettopp har festet seg på fisken, tåler ferskvann svært dårlig.



Rekordhøyt driftsresultat for Marine Harvest

I en børsmelding opplyser Marine Harvest-konsernet at de oppnådde et operasjonelt driftsresultat på rekordhøye 180 millioner euro i tredje kvartal.