Letta stemning på Havila-huset

Reiarlaget til familien berga på bursdagen

Yngstemann i Sævik-familien kunne knapt fått ein betre bursdagspresang  enn nyheita om at Havila Shipping unngår konkurs.  – Det har vore ein reell usikkerheit ved om folk hadde arbeid å gå til i morgon, seier Vegard Sævik.

Letta Vegard Sævik (38 år i dag. journ. anm.) på veg heim frå kontoret måndag for å feire bursdag - same dag som Havila Shipping er berga.  Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

MJØLSTADNESET (smp.no): Medan faren Per og den eldre broren Njål, kjempa for framtida til familiereiarlaget i Oslo, heldt Vegard Sævik måndag «fortet» ved hovudkontoret på Mjølstadneset i Herøy.