Gjerde har stillinga som direktør for Offshore & Merchant Solutions i marinedivisjonen til Rolls-Royce. Han sluttar ved årsskiftet etter meir enn 20 år i leiande stillingar i Rolls-Royce.

Han meiner den omstruktureringa som no skjer i Rolls-Royce er nødvendig og rett. Gjerde er saman med resten av leiargruppa inne i ei krevjande omorganisering.

Les også: Nye 800 må gå i Rolls-Royce Marine

– Eg meiner at dei endringane selskapet no gjer er nødvendige og rett. Eg ønskjer derfor å følgje endringsprosessane eit stykke til vidare, seier Gjerde i ein epost til Sunnmørsposten.

– Eg har hatt mange spanande og gode år i Rolls-Royce, og det er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg har valt å slutte. Men det er heller ikkje med ei dårleg kjensle for framtida, seier Helge Gjerde.

Mikael Makinen, divisjonsdirektør for Marine i Rolls-Royce, har godord om sin medarbeidar.

– Helge har vore eit særdeles verdifullt medlem av mi leiargruppe. Hans energi og drivkraft er utan sidestykke, og eg er glad for at han framleis vil dele kunnskap og erfaring med oss framover, seier Makinen i ein epost.