Rolls-Royce Marine er inne i nok ein omfattande kuttrunde. Leiargruppa blir kutta til seks personar pluss toppsjef Mikael Makinen. To av desse er busett på Nordvestlandet, skriv Nett.no.

Knut Hovland - opprinnelig frå Bergen, men busett i Ålesund -  vert direktør for Customer & Services.

Asbjørn Skaro frå Brattvåg vert direktør for Digital & Systems.

Nyleg vart det kjend at Helge Gjerde frå Ulsteinvik går av som direktør for Offshore & Merchant Solutions.

I tillegg til å forenkle strukturen i leiinga, er det planar om å legge ned anlegg.