Olympic berga frå konkurs, men reiarlaget er nær halvert i antall tilsette sidan oljenedturen sette inn

Remøy: – Var i tvil om eg ville berge selskapet

Olympic-sjef Stig Remøy seier han har vore i tvil om det var verdt å berge reiarlaget. Kriseløysinga kostar dyrt både i kroner og antall tilsette.

Tapt og vunne: Olympic-sjef og storeigar Stig Remøy seier han ikkje har rekna på kor mykje han har tapt. Selskapet er berga, men aksjekapitalen i dagens reiarlag er tapt. Saman med finansdirektør John Arne Winsnes har Remøy hatt hektiske veker med mykje møteverksemd i Oslo for å kome til løysinga som gjer Olympic til eit reindyrka subsea-selskap. – I sånne tider blir ofte verdiar både tapt og skapt. Om du er med å skape noko igjen, så er det bra, seier Stig Remøy etter at løysinga kom på plass.  

Næringsliv

Letta var stor både i Olympic sine lokalar, og elles i Herøy, då reiarlaget i går kunne legge fram ei kriseløysing med støtte frå kreditorane. Smila satt laust og det kom blomar på døra frå samarbeidspartnarar då Sunnmørsposten møtte leiinga i selskapet kort tid etter kriseløysinga blei presentert.