Fosse begynte i stillinga som finansdirektør i Fosnavåg-reiarlaget i vår. Etter kort tid endra situasjonen seg då det blei klart at Rem ville gå inn som ein del av Solstad Offshore på Karmøy.

Han gjekk over som fungerande direktør etter at tidlegare Rem-direktør Arild Myrvoll sa opp si stilling i september.

Ingen ny jobb

Han har vore fungerande direktør etter at tidlegare Rem-direktør Arild Myrvoll sa opp si stilling i september. Førebels har han ikkje ny jobb i sikte.

– Eg har sagt at eg ville fullføre jobben med fusjonen hundre prosent profesjonelt, og at eg etterpå ville ta ein fot i bakken, seier Fosse til smp.no.

Moldensaren har flytta til Ulsteinvik saman med kona, og dei fekk nyleg sitt første barn. Fosse gir uttrykk for at han vil bruke meir tid på familien ei periode, og at han har planar om å ta ut ferie og pappapermisjon.

(saka held fram under)

Solstad avgjer

Solstad er allereie i gang med å finne en ny person til stillinga, men Fosse påpeiker at den vil sjå annleis ut.

– Etter fusjonen vil denne stillinga vere meir som ein kontorleiar, der avgjerslene blir gjort i konsernleiinga til Solstad, påpeiker han.

Fosse har tidlegare jobba som analytikar i DnB Markets i tre år, og før det var han fire år i Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK).

Les siste saker om Rem Offshore