Verfts- og reiargruppa tinga for to år sidan design og utstyr til fire ankerhandteringsskip frå Havyard, og har no komen tilbake og lagt inn på det same til to nye søsterskip.

Avtalen har ein verdi på 80 millionar kroner, opplyser Havyard i ei børsmelding tidleg måndag.

Det Herøy-baserte konsernet opplyser i ei pressemelding at skipa kan bli levert til ein lågare pris enn det som har vore vanleg ved brasilianske verft, og at bygg nummer éin av dei seks skipa blir sjøsett på nyåret.