Tidleg tysdag melder selskapet i ei børsmelding at Remøy-selskap har selt dryge 450.000 aksjar til ein verdi av drygt fem millionar kroner. Salet var del av avtalen Remøy tilbudde minoritetsaksjonærar, etter at børsen meinte dei var blitt dårleg behandla i Rem-Solstad-fusjonen.

Åge Remøy var den einaste som fekk tilbod om a-aksjar, og Oslo børs ga Rem Offshore ei bot på nær ein halv million kroner, for å ha forskjellsbehandla aksjonærane.

Bota blei seinare sett ned til kring 330. 000 kroner etter at Remøy sa seg villig til å selje A-aksjar.

(saken fortsetter under)