Olympic nær gjeldsavtale

Men det er ingen garanti for å kome i mål, skriv Olympic Shipping i ei børsmelding.

Stig Remøy, Olympic Shipping. ARKIV.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Tysdag formiddag melder Olympic Shipping at selskapet har fått forlenga standstill-avtalen med kreditorane til og med 31. januar.

Dermed er det eit halvt år siden standstill-avtalen vart inngått 5. juli i fjor. Ein førebels avtale med kreditorane vart gjort i desember. Før jul vart det meldt at eit stort fleirtal av låntakarane i Olympic sine to obligasjonslån stemte for den framlagte løysninga frå Stig Remøy og selskapet.

Sjølv om restruktureringa er i si avsluttande fase, og selskapet forventar at restruktureringa blir sluttført snarleg, kan ikkje selskapet gje garanti for at det blir oppnådd ein avtale, skriv Olympic Shipping til slutt i børsmeldinga tysdag føremiddag.

I går vart det kjend at konkurrenten Havila Shipping kapra ein treårig subseaavtale for «Havila Subsea».

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Næringsliv