Får Olympic meir tid frå kreditorane?

Stig Remøy sitt reiarlag Olympic har ein rekkje gonger fått utsett frist for å kome i hamn med ei refinansiering. Siste fristen går ut tysdag.

Olympic-skip i opplag i Ålesund.  Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Næringsliv

Siste veke fekk dei forlenga den såkalla standstill-avtalen som gjer at dei slepp betale på gjelda. Avtalen går ut i dag, tysdag, og spenninga er stor til om selskapet kjem med ei ny børsmelding.

Restruktureringa er i ei avsluttande fase, men det har tydeleg dukka opp skjer i sjøen for korleis den endelege avtalen skal vere.

Selskapet forventar at refinansieringa snart er i hamn, men selskapet i førre veke ikkje gi nokon garanti for at det kom ein endeleg avtale på bordet.

Reiarlaget kjempar hardt for å skaffe arbeid til skipa sine. Før jul fortalde Sunnmørsposten at 19 av Olympic sine 22 skip var utan kontrakt etter årsskiftet.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Fra mørkt til bekmørkt for supply

Rundt 90 av 133 skip på Sunnmøre kan stå uten jobb neste år

2017 blir verre enn 2016 for supplyrederiene hevder flere eksperter. Det ser ut som de får rett.



Krav på halv milliard etter Stig Remøy-konkurs

Stig Remøy sjølv står bak størstedelen av krava på 545 millionar kroner etter at det tidligare holding-selskapet i Olympic blei slått konkurs.