Dette seier prosjektdirektør Oddbjørn Følsvik i Scana Volda. Saman med direktør Hallvard Pettersen og dei to produktutviklarane Roald Håvik og Henning Brautaset set han Sunnmørsposten inn i kva denne framdriftspakken er.

Satsa mykje

Utviklingsprosjektet kom i stand etter ein førespurnad frå Salt Ship Design på Bømlo. Dei utvikla ein båt for reiarlaget Ugland, «Juanita», og denne er den hittil første og einaste som har fått det nye framdriftssystemet installert.

– Her har det etter rapportane til gjengjeld fungert optimalt, i dagleg og til dels hard drift. Problemet vårt er at botnen brått datt ut av oljebransjen, vårt sterkaste satsingsområde, fortel direktør Hallvard Pettersen.

Kompetanse nok

Propellar har vore utvikla heilt sidan motoren vart oppfunnen. Også ein dobbelt motgåande propell vart oppfunnen alt i det førre hundreåret. Slike har vore nytta mellom anna i torpedoar, men utan at nokon har makta å gjere seg nytte av kontrapropellen sine fortrinn til kommersielle fartøy elles.

– Vi har ikkje funne opp korkje krutet eller hjulet på nytt. Men då vi fekk ein konkret førespurnad frå Salt Ship Design om å utvikle dette konseptet vidare, vart vi så nysgjerrige at vi gjekk vidare med det, fortel prosjektdirektør Oddbjørn Følsvik.

Først vart det eit forprosjekt der Scana vurderte sine eigne kompetansemusklar på dette feltet. Det synte seg raskt at muskulaturen var veltrimma.

Supermotor

Den avgjerande brikka for å satse, var det alt godt etablerte samarbeidet med elmotorutviklaren Inpower i Molde.

– Samarbeidet med Inpower vart heilt avgjerande for vår satsing på dette. Vi såg at dei kunne levere kompakte elmotorar til bruk om bord i skip, og samstundes motorar som både har svært høg kvalitet, levetid og funksjon. Dermed var vi i gang på rett, analyserer Oddbjørn Følsvik.

Den avanserte dobbeltpropellen hadde folka på Scana alt bestemt korleis måtte vere. Han har det fortrinnet at eine propellen utnyttar den andre sine rørsler maksimalt.

Særs nøgd kunde

Neste prosjektet vart å få selt det som mange i den 103 år gamle mekaniske bedrifta meinte var ein genial framdriftspakke. Ugland-reiarlaget såg tydelegvis det same potensialet. Teknisk sjef Leif Johnsen er svært godt nøgd. – Båten har vore i hard og kontinuerleg drift som tøff «mjølkerute» for Statoil sidan overtakinga. – I tillegg til at anlegget er kompakt og tek lite plass, så har det fungert prikkfritt og sparer olje dagleg, rosar Johnsen.

Kåring

Det 88,9 meter lange skipet «Juanita» vart i 2015 kåra til «Årets offshore support-fartøy, av det internasjonale bransjemagasinet Offshore Support Journal.

– Vi kjende oss delvis delaktige i den prisen, sjølv om det ikkje var vi som fekk han. Men så kom altså oljekrakket og la marknaden vår brakk, konstaterer direktør Hallvard Pettersen. Oddbjørn Følsvik seier at dei no må utvide satsingsområdet radikalt.

– Dette framdriftssystemet er eigna så vel til fiskebåtar og brønnbåtar som til fraktebåtar, lystyachtar og nesten kva som helst andre båtar i denne storleiken.

– Same kva, så snakkar vi om ein framdriftspakke som reduserer drivstoffutgiftene og sparer miljøet mykje på same tid, seier prosjektdirektør Oddbjørn Følsvik.