Sidan 2001 er utsleppa frå fiskeflåten redusert med 25 prosent og om utviklinga held fram, vil fiskeflåten vere kvitt halvparten av sine utslepp innan 2030.

Det opplyser Fiskebåt i ei pressemelding i samband med det pågåande årsmøtet.

– Fiskeflåten er ein av dei næringane som har dei største nedgang av utslepp av klimagassar. Dette her skjedd samtidig som det er fiska minst like mykje som før, seier administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt i ein kommentar.

Les også: Seier nei til fiskeskatt

I fjor haust blei det sett i verk eit prosjekt for å finne ut korleis utsleppa kunne bli endå lågare. Utgreiinga er ein del av eit prosjekt i regi av Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF) etter initiativ frå  Fiskebåt, og er planlagt ferdig i juni.