Før helga signerte skipsbyggarane i Ulsteinvik kontrakta om å bygge den nye hybridferja for Color Line.

Det er godt nytt i kommunen der arbeidsløysa har skote ny fart den siste tida.

Les også: Ledigheten opp på Sunnmøre - verst på ytre søre

Reiarlaget til ålesundar Olav Nils Sunde har lagt inn bestilling på det som blir verdas største hybridferje. Den skal erstatte 46 år gamle MS Bohus på Sandefjord-Strømstad frå sommaren 2019.

Nær 900 årsverk

Berre ferjejobben vil ifølgje utrekningar som tidlegare er utarbeida av Menon, gi arbeid som utgjer opp mot 900 årsverk, opplyser kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group.

Ein stor del av desse årsverka hamnar på Sunnmøre - sjølvsagt ved Ulstein-konsernet - men den vil garantert også gi jobb til andre bedrifter lokalt.

Kommunikasjonssjefen kunne måndag førebels ikkje fortelje konkret kva for bedrifter som skal inn på ferjejobben, men opplyser at «masse lokale og regionale leverandører truleg blir med».

Ulstein har nyleg også sikra seg arbeid med eit nytt skip for vindkraftmarknaden og ein luksusyacht med X-Bow.

Ingeniører tilbake i jobb

Måndag var det tid for markering av fleire «gladsaker» for dei tilsette. Ved teknisk avdeling på verftet er det særleg god grunn til å glede seg.

Dei nye kontraktane har gjort at dei har henta inn kring 40 ingeniørar frå permittering etter jul. Ifølgje Nett.no var det berre ti tilsette på jobb ved avdelinga i haust, medan dei no er 47 i arbeid.

Verftsdirektøren: – Det blir et ganske bra kjør nå framover

Det er Fosen som leverer design på ferja som skal bli 160 meter lang. Det gjer at fartøyet vil tangere størrelsesrekorden på skip levert fra verftet.