Brattvaag Electro utvidar og opnar avdeling på Søre Sunnmøre. Haram-bedrifta har gjort avtale om å leie lokalar med Ulmatec Components i Myrvåg frå 1. april, ifølgje ei pressemelding frå bedrifta.

Dagleg leiar Bjørn Halfdan Leine fortel at fleire større jobbar på Mykebust-verftet til Kleven er noko av årsaka til at dei samstundes treng fleire tilsette med elektrikarfagbrev.

– I første omgang treng vi opp mot ti personar både på maritim og landinstallasjon, seier Leine til smp.no.

Kleven-jobbar

Brattvaag Electro skal levere utstyr både til dei to hybridferjene Myklebust skal byggje for FosenNamsos Sjø og eit større fiskefartøy til det danske reiarlaget Gitte Henning.

Fiskefartøyet som er ein kombinert trålar/snurpar for pelagisk fiske, skal etter planen leverast mot slutten av året.

Ferjejobbane er dei første ved Myklebust-verftet sidan 1990-talet og skal etter planen leverast i slutten av 2018.

Tilbake i jobb

På same vis som mange andre har Brattvaag Electro hatt utfordringar i ein tøff marknad den siste tida. I fjor blei tilsette permittert og bedrifta måtte også seie opp fleire personar.

Auka oppdragsmengde gjer at fleire no har fått jobbane sine tilbake.

– Nokre av desse har fått komme tilbake. Vi har bra med aktivitet framover, og vi ser at det er meir på gong også landinstallasjon, seier Leine.

Den tradisjonsrike bedrifta som blei starta opp i 1933, har i dag 85 tilsette.  I tillegg til Brattvåg, har bedrifta kontor i Skodje og Ålesund.

Trur på plusstal

Rekneskapen for 2016 er ikkje klart, men Leine seier at fjoråret viser ei betring etter nokre tøffe år. Han seier dei har eit «håp om å hamne på pluss-sida», og at inntektene igjen peiker oppover.

Omsetnaden gjekk nedover for Brattvaag Electro etter toppåret 2013, då inntektene var oppe i 144 millionar. I 2015 var inntektene nede i om lag det halve.

Same år måtte dei for første gong på meir enn ti år notere seg for raude tal på botnlinja med et underskott for skatt på drygt fire millionar.

Sjå nøkkeltal frå bedrifta til høgre - under om du les på mobil

I åra etter 2010 har dei likevel levert eit overskott på drygt 17 millionar og soliditeten blir rekna som god med ein eigenkapitalgrad på kring 23 prosent (2014).