Jets er med på ei avtale som Scanship har inngått med å levere komplett avfallshandtering om bord.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt for oss å få vere med på eit slikt spanande prosjekt, seier administrerande direktør i Jets, Jan Tore Leikanger, til avisa.

Bildeserie: Sjå illustrasjonar av korleis MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen blir sjåande ut

Bedrifta har unngått å seie opp nokon av sine 150 tilsette i den tøffe marknaden, men har hatt fleire permitterte. Den maritime marknaden er framleis klart størst, og mellom anna det italienske verftskonsernet Fincantieri, som også er største eigar i Vard, er ein stor kunde.