Reiarlaget har tidlegare kontrahert «Hovden Senior» i juni 1996, «Hovden Viking» i januar 2007 og no levering av nye «Hovden Viking» i midten av 2018.

Skroget skal byggjast i Gdansk i Polen.

For Larsnes Mek er dette bygg nr. 61.

Fartøyet er designa og utvikla av Rolls-Royce Marine, som også skal levere ein god del av hovudutstyret. I tillegg vil det bli utstyr frå mange lokale leverandørar i nærområde, opplyser verftet.

Fartøyet har ei lengd på 46 meter og breidd på 12 meter. Båten blir rigga for snurpe- og snurrevadfiske og også med trålgalge for å kunne drive med tråling seinare.

Fartøyet er designa med to tankar rigga for levandefisk.

På hovuddekket blir det montert fabrikk for behandling av kvitfisk. Båten blir innreia for 12 personar.

Ifølgke verftet vil nye Hovden Viking vere eit av de mest moderne fartøya i kystflåten.