ko:ko i Herøy:

Ko & Ko vil bygge nytt i Fosnavåg

Ko & Ko har auka salet med fleire millionar siste året og planlegg no eige næringsbygg i Herøy.

Gründer Stine Goksøyr er gründeren bak Ko & Ko. Arkivfoto. 

Næringsliv

Stine Goksøyr i selskapet Ko & Ko AS søkjer Herøy kommunen om å få reservere tomt til næringsbygg på Mjølstadneset i Fosnavåg. Rådmannen er positiv.

Selskapet ser føre seg å byggje eit einetasjes bygg på 600 kvadratmeter til lager, kontor og utstillingsrom.

Koko vekst: Ko & Ko har seld 60.000 kjolar (Abonnement)

Selskapet er mest kjend for merkevara ko:ko Norway, som hovudsakleg produserer kjolar som blir sydde i Europa. Salet har auka sterkt siste tida, blant anna gjennom nettbutikk. Frå ei omsetning på rundt 5 millionar i året auka selskapet i fjor til 8,3 millionar kroner. I år ventar ein omsetning på 12–13 millionar, og behovet for plass aukar.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no