Havila Shipping tek ankerhandteringsfartøyet Havila Mercury ut i spotmarknaden, melder Sysla.no.

Det betyr at reiarlaget kan ta inn 30 sjøfolk – 15 på kvart skift – fortel Havila-sjef Njål Sævik.

– Vi tek tilbake dei som var permittert frå skipet og nokre i tillegg. Då er det dei som har vore med oss før, som får mulegheita, seier Sævik til nettstaden.

Les siste saker om Havila

Havila har dermed sju skip i opplag.

Nettstaden skriv at det har stramma seg til i spotmarknaden den siste tida, og torsdag var det berre eit ankerhandteringsskip ledig.