Tussakonsernet leverte eit bra resultat i fjor og enda opp med inntekter på 890 millionar kroner. Av dette satt selskapet att med eit resultat før skatt på nær 138 millionar.

Resultata er langt betre enn 2015 då konsernet omsette for 762 millionar og kom til eit resultat før skatt på nær 57 millionar.

Hovudårsaka til det gode resultatet er å finne i fusjonen mellom Tussa Nett og Tafjord Kraftnett til Mørenett i 2014.  Berre inntektene frå Tussa sin del av Mørenett ga eit resultat før skatt på nær 108 millionar. Samstundes vart inntektene frå kraftsal betre enn venta, ifølgje ei børsmelding tysdag.

I tråd med vedtektene blir det betalt utbytte til eigarane på 24,5 millionar. Ørsta, Herøy og Volda kommunar er dei største eigarane i selskapet, saman med Kommunal Landspensjonskase.