Det melder Rolls-Royce i ei pressemelding måndag. Dette er den andre kontrakten på det nyutvikla «auto crossing»-systemet til Rolls-Royce.

Frå før er det nye systemet bestilt til to el-ferjer som Fjord1 skal operere på ferjestrekninga Anda-Lote på E39 i Nordfjord.

No er altså systemet bestilt til to nye plug-in hybridferjer som Kleven skal bygge for reiarlaget FosenNamsos Sjø. Ferjene skal operere på strekninga Flakk-Rørvik, og vil altså kunne krysse fjorden automatisk.

Miljøkrava til nye ferjer er strenge, og automatisk fjordkryssing vil gjere det enklare å føreseie overfartstid og energiforbruk, skriv selskapet.

– Dei nye ordrane på Autocrossing vitnar om at vi er på veg til å sette standarden i bransjen. Systemet kan også installerast som ei oppgradering til ferjer verda rundt som allereie har ein standard Rolls-Royce azimuth thruster, seier Jann Peter Strand, produktsjef for automasjon og kontroll i Marinedivisjonen til Rolls-Royce i Ålesund.

Kapteinen vil overvake systemet og kan ta over om det er naudsynt. I den første utgåva av systemet vil kapteinen manuelt manøvrere ferja dei siste metrane inn til kai. Neste generasjon av systemet vil automatisere også denne delen av drifta, skriv selskapet.

Dei to hybridferjene er designa av norske Multi Maritime, og skal byggast av Kleven på Myklebust verft. Bygginga startar i mai og ferjene skal i drift frå 1. januar 2019.

Rolls-Royce skal levere autokryssingssystem til to el-ferjer for Fjord 1. No har selskapet fått kontrakt om å levere systemet til to nye ferjer. Foto: Multi Maritime