Det tradisjonsrike familieeigde konsernet har vore gjennom tøffe tider, og vore nøyd til å kutte i bemanninga. Fleire utlysningar i det siste er eit teikn på at det begynner å bli meir å gjere – også for Ulstein-bedrifta.

Søknadsfristen for stillinga som produktsjef for ekspedisjonscruisemarknaden gjekk nyleg ut, og det same gjorde ei stilling som skipsdesignar. No er også ei stilling som senioringeniør innan struktur lyst ut.

Les fleire saker om Ulstein-gruppa

Tonje Øyehaug Ruud ved informasjonsavdelinga opplyser at behovet har bakgrunn i at konsernet dei siste åra har meir å gjere på nye forretningsområder.

I tillegg til tradisjonelt skipsbyggjararbeid har stadig meir av aktiviteten dreia seg om andre ting, ikkje minst sal av design- og utstyrspakkar.