Administrerande direktør Dagfinn Neteland seier seg nøgd med at dei ser nye forbetringar av arbeidet dei har lagt ned dei siste åra, og viser mellom anna til at Fjord1 har kapra fire nye ferjekontraktar i Hordaland.

Fjord1 er per i dag eigd av herøyselskapet Havilafjord (67 %) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (33 %).

Fredag er det planlagt eit møte i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Tema for møtet er sal av resten av Fjord1-aksjane til Havilafjord-eigar Per Sævik. Havilafjord har planar om å ta Fjord1 på børs i løpet av kort tid.