Rostein feira laurdag dåp av sin nyaste brønnbåt i Fosnavåg.

Samstundes slapp dei nyheita om at dei skal byggje nok eit fartøy ved Larsnes Mek. Verkstad i Sande.

På lange kontraktar

Ro West er det nyaste bygget til det familieeige reiarlaget som held på Harøya i Sandøy. Fartøyet er bygd ved Larsnes Mek. Verksted.

Skipet skal ut i langtidskontrakt for Marine Harvest region Vest. Rostein har no fire slike brønnbåtar som går på tilsvarande kontraktar, av ei flåte på 13 fartøy.

Bestilte ny båt

Reiarlaget opplyser samstundes i ei pressemelding at dei har lagt inn bestilling på nok ein båt med like stor brønnkapasitet – 3500 kubikk.

Også dette fartøyet blir bygd ved Larsnes-verftet, der Sandøy-bedrifta har vore hovudeigar sidan dei kjøpte seg opp gjennom morselskapet i 2014.

Rostein opplyser i pressemeldinga at det nye fartøyet gjer at Nord-Norge blir meir sjølvforsynt med brønnbåtar og difor får mindre behov for å utveksle fartøy med andre regionar.