Styret har tysdag tilsett teknisk sjef Morten Hopland som ny administrerande direktør frå 1. juni i år, opplyser selskapet.

Inge Huse vil framleis vere knytt til bedrifta som rådgjevar innan strategi og økonomi. Huse seier til smp.no at det var naturleg å ta eit steg tilbake no.

– Det er noko som heiter at når du har nådd ein viss alder, så er du gamal nok. Det er ikkje meir komplisert enn det, fortel mannen som fyller 80 år til hausten.

– Toler ei krise

Sjølv om IP Huse driver i ein marknad som er inne i turbulente tider, er han ikkje bekymra for framtida til bedrifta – og han er trygg på at styret har funne ein god etterfølgjar i Morten Hopland.

Ny leiar Morten Hopland ved IP Huse. Foto: Svein Ove Søholt

– Vi jobbar mot offshoreindustrien og har ei krise. Men vi er så godt ordna at det toler vi. Bedrifta har flinke folk, er godt utstyrt og har ein god økonomi. Ei krise kan vi ikkje gjere noko med, men vi har alle mulegheiter til å kome godt gjennom den, seier sandøyværingen som fortel at han og kona dei siste åra har budd litt både på Harøya og i Ålesund.

Ny leiar

Morten Hopland som no tek over, har vore tilsett i IP Huse i 25 år. Han har jobba med konstruksjon, sal og prosjektleiing, og i mange år også vore eit sentralt medlem i leiargruppa.

– Morten Hopland har jobba med mange av dei større prosjekta i bedrifta, og opparbeida seg ein erfaring som gjer han godt skikka til å ta bedrifta vidare i ein krevjande marknadssituasjon, heter det i pressemeldinga.

Leverandør til offshore

IP Huse er gjennom samarbeid med Rolls-Royce Marine ein stor leverandør av forankringsutstyr og vinsjar til ankerhandtering for offshoremarknaden.

Ved hjelp av robotteknologi har Harøya-bedrifta med adresse på Steinshamn, dei siste åra flytta heim meir av produksjonen frå underleverandørar i utlandet.

Etter eit større oppdrag i samband med opprusting av Njord A-plattformen har dei mykje å gjere ut i 2018.

Store overskott

Det siste offentlege rekneskapen frå 2015, viser at dei hadde inntekter på 555 millionar, men enda året  med eit lite underskott på drygt 2,5 millionar.