Kabeleggjar frå Kleven er Årets Skip

Kleven verft vann lokaloppgjeret mot Ulstein om heidersutmerking.
Nor-Shipping
  • Shippingmessa er ein av de viktigaste møteplassane for den maritime industrien.
  • Nor-Shipping 2017 er det største arrangementet til no, med nær 1000 utstillarar og kring 35.000 deltakarar frå meir enn 80 land.
  • Les meir på http://nor-shipping.com
Næringsliv

Kabelleggingsfartøyet «NKT Victoria» blei kåra til Årets Skip i samband med Nor-Shipping-messa. Administrerande Ståle Rasmussen ved Kleven var mellom dei som tok i mot prisen frå arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie under den årlege skipsmessa.

Skipet med byggenummer 372 var opprinneleg malt i raud «ABB-fargar», men etter at den delen av verksemda blei selt til NKT Cables i fjor, er skipet måla blått. 

Les meir: Milliardskip på prøvetur med nye farger (krever abonnement)

Nyvinningar

Juryen grunngjev valet med at skipet er eitt av verdas mest avanserte fartøy for kabellegging med fleire nyvinningar om bord, som gjer det muleg å navigere under forhold der mange andre må gi opp.

(saka held fram under)

Kleven-sjef Ståle Rasmussen (t.v.) helsar på kronprins Haakon i samand med utdelinga tysdag.  Foto: Kleven


Ligg godt an i ferjekamp:

Vard og Havyard i finalen om å bygge nye Fjord1-ferjer

To skipsbyggjarar på Nordvestlandet er mellom dei sterkaste kandidatane til å bygge fem nye ferjer for Fjord1.

Skipet er mellom dei største som er bygd ved Kleven og skal ha ein kontraktsverdi på kring ein milliard kroner.

Kleven-direktør Ståle Rasmussen seier dei er stolte over å få prisen:

– Det å bygge NKT Victoria, eit av verdas mest avanserte og drivstoff-effektive kabelleggingsfartøy, har vore eit krevande prosjekt, og det første av denne typen fartøy vi har bygd. Men i Kleven er vi vane med å handtere ‘første’. Det er slik du overlever i denne bransjen – med å ha kunnskapsrike og erfarne tilsette som grip alle utfordringar som vert lagt framføre dei, seier Rasmussen ifølgje ei pressemelding.

(saka held fram under)

Utmerking Prisen Next Generation Ship Award gjekk til den nye hybridferja Ulstein verft skal bygge for Color Line. Frå venstre: Eva Kristensen, Ulstein Design & Solutions, Per Edvin Tande, Fosen, Jan Helge Pile, Color Line Marine, Trond Kleivdal, Color Line, Kristian Sætre, Ulstein Verft og Rolf Petter Almli, Ulstein Verft.  Foto: Ulstein Group

 

Nyskapande vindemølleskip på testtur

Med x-baug både bak og framme skal det Ulstein-bygde skipet vere hotell og buss på ein av dei største vindmølleparkane i Europa.

 

Milliardskip på prøvetur med nye farger

Kabellegger fra Kleven har fått nye farger og er på sin første prøvetur.


Årets Skip-prisen blir delt ut av Skipsrevyen etter avgjerd frå ein jury beståande av administrerande direktør Sturla Henriksen i Norges Rederiforbund og maritim bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri. Også fjorårets vinnar kom frå Nordvestlandet - hybridbåten «Vision of the Fjords».

Sunnmøringen Sindre Sætre, som leiar ABB sin marineverksemd gratulerer verft og eigar. Selskapet har levert både batteri, kraftsystem, thurstere og programvare til vinnarskipet:

– ABB-løysingane om bord på Viictoria gjer den til det mest effektive, oppkopla og sikre skipet i sitt slag, uttaler Sætre i ei pressemelding

Ulstein-pris

Den andre finalisten i kåringa var «Windea Leibniz» frå Ulstein Verft til BS Offshore. Vindeserviceskipet frå Ulstein er det første fartøyet med den nye hekkløysinga X-Stern - som liknar på X-Bow-baugen.

Les meir: På testtur med nyskapande vindemølleskip (krever abonnement)

Sjølv om Ulstein-gruppa måtte sjå prisen for årets skip gjekk til konkurrenten på den andre sida av vika - fekk dei også utmerking for sitt arbeid tysdag. Verdas største hybridferje som Ulstein skal byggje på oppdrag for Color Line, blei nemleg tildelt «Next Generation Ship Award».

Les meir: Ulstein vant milliardkontrakt på verdens største hybridferje

Døypte «NKT Victoria»

Herøy-reiarlaget Remøy Management har bemanna den 140 meter lange kabelleggjaren som vart døypt i dag.

 

Ulstein Verft

Sjå Ulsteins første X-Stern-hekk

Skroget til første Ulstein-båt med X-stern hekk har kome til Ulstein Verft.