Havyard vann storkontrakt på Fjord1-ferjer

Havyard gjekk seirande ut av konkurransen om å byggje fem nye ferjer for Fjord1.
Næringsliv

Det melder Havyard i ei pressemelding fredag.

Smp.no har tidlegare meldt at Havyard og skipsbyggjarkonsernet Vard låg sterkt an i finalerunden i kampen om storkontrakta.

Totalpakke til milliard-verdi

Tre av ferjene skal inn på strekninga Hareid-Sulesund og to på Magerholm-Sykkylven. Dei 111 meter lange ferjene skal ta 120 bilar. Ferjene skal ha heilelektrisk drift på overfarten, men har back-up-løysing for dieseldrift om det skulle oppstå straumstans.

Fjord1 skal totalt investere for kring 1,1 milliarder kroner. Kontraktsverdien for Havyard er truleg på om lag det halve. Det dreier seg om ei totalpakke med både design, bygging, framdriftssystem, bruløysingar, automasjon og batterisystem.

Skroga blir bygd ved eit Havyard-verft i Tyrkia, medan ferjene blir utstyrt ved Leirvik-verftet i Sogn.

– Gjekk ekstremt til verks

Konsernsjef Geir Johan Bakke påpeiker at dei måtte ta i bruk all sin kunnskap for å innfri dei tøffe miljøkrava som er sett i kontrakta.

Havyard har ein virtuell modelltank der dei har køyrt kontinuerlege datasimuleringar på skrogutforming, og testa hundrevis av skroglinjer for å optimalisere energiforbruket i sambanda der ferjene skal gå.

– Miljøkrava til dei heilelektriske ferjene gjorde at vi måtte gå ekstremt til verks for å spare energi. Då kunne vi bruke dei verktøya vi har utvikla over tid og brukt i andre segment. Med desse verktøya får vi gjort detaljerte og pålitelege berekningar med mange variasjonar, seier Kristian Voksøy Steinsvik som leiar forknings- og utviklingsarbeidet i konsernet.

Fjord1-sjefen: Tøff konkurranse

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, har tidlegare gitt uttrykk for eit sterkt ønskje om å bygge i Norge.

Neteland seier det var tøff konkurranse om desse kontraktane, men at det til slutt vart Havyard Group sin kvalitet, leveringstider – og pris som var utslagsgivande. Smp.no har tidlegare meldt at Vard også var med heilt til sluttspurten i konkurransen.

Les også: Vard og Havyard i finalen om å bygge nye Fjord1-ferjer (krever abonnement)

Herøy-reiar Per Sævik med familie er på eigarsida både i Fjord1 og Havyard. Og Havyard-konsernet har fått fleire oppdrag med fornyinga av Fjord1-ferjene det siste året. I fjor fekk dei tre nye ferjer inn ordreboka herifrå og den første av desse ferjene skal leverast i mai 2018.