Selskapet Fjordguiding har registrert at det kjem minst 15 slike luksusbåtar til Sogn og Fjordane i år, noko som er betre enn dei siste åra, melder NRK Sogn og Fjordane.

Reiselivsaktørane er nøgd med at fleire slike turistar – som ofte legg att gode pengar – kjem til våre fjordstrøk.

– Dette er folk som har høg kjøpekraft og som er her lenge. Dei kjøper ofte dyre ting og leiger guidar. Nokre har kjøpt heile vogner på Flåmsbana, berre for å kunne vere for seg sjølv, seier sjef for Aurland hamnevesen, Jon Erik Johnsen, til kanalen.

Johnsen fortel at det ofte er pengesterke folk frå Asia og Amerika som kjem i båtane, men at dei snarare er direktørar, enn kjendisar.