Kleven-konsernet hadde i 2016 ei omsetning på 4,8 milliardar kroner, og leverte eit årsresultat etter skatt på -239 millionar kroner, melder selskapet i ei pressemelding 7. juli.

Også i 2015 gjekk konsernet med underskot. Då trudde selskapet likevel på overskot for 2016. Ein spådom som altså ikkje slo til.

– Verfta sit med ein stor risiko

– Heile vår industri er inne i ein svært krevande periode. Omstilling er ein tøff prosess, og inneber også at ein tek kontrakter som er marginale. Verfta sit med ein stor risiko i slike perioder, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i pressemeldinga.

Konsernsjefen seier at omstilling kostar og tek tid, og at konsernet ikkje er ferdige med denne prosessen. Samstundes har dei ein langsiktig strategi som dei trur på, seier konsernsjefen i pressemeldinga.

Cruiseskip

– Konsernet har i 2016 vunne nye kontraktar innan cruise- og ekspedisjonsskipsmarknaden, hybridferjer, fiskefartøy og avanserte fartøy til oppdrettsnæringa, og har med det ei god ordrebok i dagens utfordrande marknad, skriv Kleven.

Ved årsskiftet hadde konsernet 20 fartøy i ordreboka til ei samla verdi av vel 11 milliardar kroner.