Malene Liavaag og Hilde Kristin Thomassen fekk begge karakteren «bestått meget godt» då dei avla fagprøva i industrirørleggarfaget.

Det er ein «særs høgthengande karakter som ein sjeldan ser», skriv Kleven-konsernet på si Facebook-side og gratulerer med resultatet.

Begge kjem frå Hjørungavåg og begge tok fagbrev som industrimekanikarar i fjor. Etterpå har dei jobba i produksjonen ved verftet og har no bestått si andre fagprøve. Thomassen skal no jobbe med automatisert produksjon på verftet, medan Liavaag har søkt permisjon fordi ho ønskjer å studere til ingeniør.

Kvinnene er to av tolv tilsette ved Kleven som har bestått fagprøve så langt i år.

– Vi er stolte av å ha slike dyktige medarbeidarar, som i tillegg til å vere fagleg sterke også er gode førebilete som viser veg for fleire jenter inn i maritim industri, heiter det i gratulasjonen frå arbeidsgjevaren.