I 2015 fekk newzealandske Graeme Hart overlevert sin første Ulysses-yacth frå Kleven. Etter at han bestilte seg ein ny og litt lengre systeryacht blei den første lagt ut for sal i fjor sommar.

Og den 107 meter lange ekspedisjonsyachten er framleis til sals stadfestar marknadsavdelinga til meklaren Burgess Yachts i London.

I annonsen heiter det at prisen blir opplyst på førespurnad, men smp.no får vennleg avslag på å få vite summen - og korleis interessa for å kjøpe har vore. I staden blir det opplyst at fartøyet har vore leigd ut ein deil til charterturar og liknande.

– Større marknad enn olje- og gass

Marin Teknikk i Herøy designa yachten. Administrerande direktør Svein Rune Gjerde er ikkje sjølv i marknaden for ein slik «skute», men meiner det er vanleg at det tek litt tid: – Men eg veit heller ikkje kva han forlangar og pris vil jo vere avgjerande, seier han.

Gjerde trur ikkje eigaren uroer seg over at fartøyet ikkje er selt, og peiker på at marknaden for utleige av slike fartøy er stort.

– Det seiast at pengane i omløp her er større enn utleigeinntektene i olje- og gass, seier Gjerde.

(saka held fram under)

Nummer to snart klar

Forretningsmannen Hart  har også hatt med seg familien ein del om bord på den særs godt utstyrte yachten.

Gjerde håpar likevel at han får selt Ulysses nummer ein, for snart kjem nummer to frå Kleven og Marin Teknikk på vatnet. Den er for tida under utrustning i Tyskland. Der skal den få same finish som den første no har fått.

Skroget blir sparkla og malt slik at det får ein meir luksuriøs utsjånad.

Halv milliard?

Det har tidlegare vore opplyst at prisen frå verftet låg på 300 til 400 millionar, men at den reelle prisen medrekna alt utstyret om bord, ligg godt over ein halv milliard.

Yachten er utstyrt for 60 personar, har ein mannskapsdel som på eit offshore-skip og ein passasjerdel.

Bilda i annonsen viser alt frå den luksuriøs innreiinga med «vinkjellar» og flotte bad, til  «utstyrsgarasjen» med fleire jeepar og motorsyklar og vasskuterar.

(saka held fram under)

Skipperen kan styre yachten frå ein såkalla «unified bridge» levert frå Rolls-Royce Marine, truleg den einaste i privat eige.

Fredag var yachten ifølgje AIS-sporinga i Ibizia-traktene.

Sjå bilder av korleis yachten ser ut på Burgessyachts.com (ekstern lenke)