Havila Holding fekk i fjor eit underskott på 928 millionar etter nye nedskrivingar på 937 millionar, skriver Nett.no.

Herøy-reiar Per Sævik meiner likevel sselskapet har betre framtidsutsikter. I ein kommentar til nettstaden viser han til at Fjord1 er inne i ei god periode og at eigendom går greitt. Også Havyard ville hatt eit brukbart resultat utan nedskrivingane av skipsandelar, påpeiker Sævik.

Ventar mykje av Fjord1

Skipsverft og design frå Havyard stod for dei største inntektene i konsernet med nær to milliardar, offshorereiarlaget Havila Shipping for drygt 1,1 milliardar og eigedomsdrift bidrog med 136 millionar i inntekter.

Styret ventar eit solid bidrag frå Fjord1-investeringa ved neste års resultat. Om trafikkselskapet hadde vore medrekna for heile året, kunne Havila plussa på kring 2,2 milliardar i inntekter og eit overskott på ein halv milliard.

Havilafjord har aksjemajoriteten i Fjord1, som leverte eit sterkt resultat i fjor. Dei har kapra fleire nye ferjeanbod dei komande åra og har ei rekkje ferjer under bygging, ikkje minst hos Havyard.

Les også:

Fjord1 leverte rekordresultat i fjor

Havyard-sjefen: Ein «skrekkblanda fryd» å bygge ferjer som skal gå i heimtraktene

Resultatet før skatt for Havila Holding i 2016 blei på minus 928 millionar kroner frå inntekter på nær 3,9 milliardar. Driftsresultatet viste eit underskott på 483 millionar etter nedskrivingar på 937 millionar.

Sjå rekneskapstala på Proff.no (ekstern lenke – trykk på konsernregnskap for holdingselskapet)