Opp og ned for bakeri

Geiranger Bakeri i minus medan Westre Bakeri har eit betre resultat for 2016.

MINUS Geiranger Bakeri hadde i 2016 eit lite underskot.  Foto: Nikolas Birkevold Farstad

Næringsliv

Rekneskapen til Geiranger Bakeri syner ei omsetning på 4,9 millionar kroner, og eit underskot på minus 305 000 før skatt. Dette melder Mørenytt.

Innehavar Jan Egil Vikestrand, flytta seint i fjor haust produksjonen av bakarvarer frå Geiranger til dei tidlegare lokala til Thuns Bakeri i Strandgata i Ørsta.

Westre bakeri ligg på Rystelandet. Dei hadde i fjor ei omsetning på 9,3 millionar og resultatet for 2016 er ein pluss på 1,5 millionar kroner, før skatt.