- Vi står midt i eit stort teknologisk skifte. Om fem år trur eg ikkje det er dieselferjer igjen i Noreg, seier Neteland til smp.no.

Det var ringing i bjeller både på Oslo børs og på rederiets 62 ferjer når dei klokka 09 tirsdag blei tatt opp på Oslo børs. Selskapet har vore notert på Merkur Market sidan mai.

–  Det er fleire fordelar med å vere på Oslo Børs, mellom anna større spelerom i kapitalmarknaden. Fjord1 gjennomfører tidenes ferjeløft. Vi er inne i ein periode med store investeringar til nye miljøvennlege fartøy. Når vi skal vere leiande innanfor det grøne skiftet, set det krav til god kapitaltilgang, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, i pressemeldinga.

Reiarlaget er i gang med ei omfattanda flåtefornying. Dei har heile 20 ferjer underbygging. Ingen av dei med tradisjonelle dieselmotorar.

- Anda-Lote blir vårt første heilelektriske samband. I tillegg veit vi at ei rekkje samband i Møre og Romsdal kjem ut på anbod i 2019. Vår ambisjon er og har vært at vi skal ha dei største sambanda, seier Neteland.

Selskapet blir det største selskapet i Sogn og Fjordane på Oslo Børs. Det er Havilafjord som er største eigar i Fjord1 ASA med 51,5 prosent av aksjane.

Fjord1 hadde i fjor ei omsetting på 2,4 milliarder kroner. Rederiet har 1200 tilsette og dei 62 ferjene til rederiet frakta 16,8 millioner bilar i fjor. Dette gjer dei til det største ferjerederiet i landet.

I samband med at Fjord1 går på børsen, har leiinga bestemt at alle fast tilsette får ei aksjegåve til ein verdi av 10.000 kroner.

Adm.dir i Fjord1 Dagfinn Netland til høyre, mens finansdirektør Anne Marie Sundal Bøe ringer med klokka på Oslo børs. Foto: Geir Strand