– Kontrakten går over to år, med opsjon på tre år til, seier administrerande direktør Tor Rieve Kristiansen.

Han legg til at kontrakten er verdt ein stad mellom 40 og 50 millionar kroner pr. år.

Største kunden

– Dette er ein stor ordre for oss. Hafslund Nett har vore kunde i ein del år, allereie. Men med denne kontrakten blir dei vår aller største enkeltkunde i Norge, seier Tor Rieve Kristiansen.

Sykkylvsbedrifta skal starte å levere trafoar til Hafslund frå 1. september. Deretter går det slag i slag.

Hafslund dekkjer Oslo, Akershus og delar av Østfold.

Milliardbedrift

Og Hafslund Nett skulle ha nok pengar å handle trafoar for.

I fjor omsette dei nemleg for 5,3 milliardar kroner, og fekk eit resultat før skatt på 1,7 milliardar kroner.

Tala for Møre Trafo er også pene, men klart lågare. Fjoråret vart eit rekordår for sykkylvsbedrifta, med ei omsetning på 340,8 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 33,7 millionar kroner.

Møre Trafo-direktøren trur ikkje det blir like bra i år.

– Marknaden er litt dårlegare i år, og det kjem nok til å bli ein liten nedgang. Men det går framleis bra med oss, vi har nok å gjere – og det blir overskot, forsikrar direktøren.

Møre Trafo AS i Sykkylven utvida staben med fem i fjor og har no 135 tilsette, og Tor Rieve Kristiansen reknar med at bedrifta kjem til å ligge på dette nivået framover.

Sverige

Konsernet Møre Electric Group lagar både transformatorar og nettstasjonar, og eig både Møre Trafo AS i Sykkylven og KL Industri AB i Sverige. Omsetninga i Sverige var på 530 millionar.

Kundane er i hovudsak kraftselskap i heile Norden.