Det Per Sævik-eigde Havyard-konsernet gjekk med eit tap på seks millionar kroner første halvår, ifølgje ei børsmelding måndag kveld. Konsernet hadde driftsinntekter på 617 millionar kroner, mot ein milliard kroner i same periode i fjor.

Tidlegare har konsernet varsla lav aktivitet i år ved det viktige verftet Havyard Ship Technology i Leirvik. Verftet hadde driftsinntekter på lave 240 millionar kroner, og gjekk med eit tap på rundt 10 millionar kroner etter skatt.

Fisk drar konsernet opp. Havyard MMC bikka 200 millionar kroner i driftsinntekter, og leverte eit overskot på nesten fem millionar kroner etter skatt.

Også Havyard Design & Solutions gjekk med overskudd første halvår.

2018 er venta å bli eit betre år for Havyard Group. Konsernet har ordrar for 1,7 milliardar kroner for neste år. Til saman har dei ordrar for meir enn tre milliardar kroner, ifølgje konsernet.