Ny konseptsjef, som er tittelen til Torill Slettvoll, er allereie tilsett. Mariell Furnes Mannseth tek til i den nye jobben 1. november. Ho kjem frå Stokke-konsernet.

– Eg blir her i ein overgangsfase. Nokon bestemt dato for når eg sluttar er ikkje sett enno. Men når eg sluttar, så sluttar eg, seier Slettvoll.

Ingen bremsekloss

– Eg skal ikkje ha noko kontor her, det skal eg lage meg heime. Dei skal få arbeide i fred. Det er bra for firmaet å få inn noko nytt. Eg har vore i bedrifta i 36 år. Nye folk tek alltid med seg noko som er bra inn i eit firma, meiner møbelveteranen som blir 67 år i april.

NYHEIT Stolen «Piet» er ei nyheit frå Slettvoll Møbler, fortel Torill Slettvoll.

Rett nok vil ho framleis ha ein plass i styret. Men kva skal ho ta seg til?

– Eg skal kose meg. Og så skal eg gjere alt eg har hatt for lite tid til før. Eg har brukt mykje tid på kontoret, både om kveldane og i helgene. I tida framover skal eg gå i fjellet, nyte hytta i Volda, stå på ski, vere saman med barnebarn – og så skal eg reise mykje. Det har eg også gjort fram til no, men det kjem til å bli reiser utan å måtte gå på møte.

– Kva med styreverv i andre selskap?

– Nei. Det har vore nokre tilbod. Eg vart nyleg spurd om å sitje i styret for eit spanande selskap. Men eg takka nei.

Torill Slettvoll er nærast født inn i møbelbransjen. Same år som ho kom til verda starta faren, Hans Slettvoll, opp med møbelproduksjon i kjellaren.

Først var det produksjon av fletta korger, deretter stoppa møblar – før det vart storsatsing på manillamøblar.

Det lagar dei ikkje lenger, men kan derimot by på eit breitt spekter av bord, stolar og sofaer – som blir til på Stranda. Vidare er dei store på utemøblar og interiør. Alt saman sel dei frå 17 Slettvoll-butikkar i Norden.

Siviløkonom

Torill Slettvoll er utdanna siviløkonom frå BI i Oslo. Vel heime att på Stranda har ho hatt fire ulike leiarstillingar i familiebedrifta.

– Eg starta som marknadssjef. Då økonomisjefsjobben vart ledig, tenkte eg at det kunne vere nyttig å prøve seg der. Deretter vart eg dagleg leiar, mest fordi dei tilsette ville det. Men det var ikkje noko for meg. Eg likar helst å dyrke det kreative, og vart til slutt konseptsjef.

– Kva synest du? spør designar Helge Taraldsen når han får auge på henne under rundturen vår i fabrikken.

Ein ny stol er snart produksjonsklar, og Torill Slettvoll må både prøvesitje og vurdere design og stoffval. Ho kjem med nokre konkrete innspel som produktutviklarane noterer seg.

I nokre månader til er det Torill som bestemmer her.