– Det stemmer. Det er sendt ut permitteringsvarsel, og det blir fem-seks totalt sett som blir permitterte, seier konsernsjef i Hareid Group, Ronald Dyrhol, til Vikebladet Vestposten.

– Marknadssituasjonen er årsaka

Konsernsjefen fortel at permitteringane kjem på grunn av den generelle ordresituasjonen.

– Det er slik situasjonen ser ut no som gjer det. Marknaden er tøff for tida, og vi blir nøydde til å gjere dette grepet no, seier Dyrhol og legg til:

– Eg ønskjer sjølvsagt at dette berre blir for ein kort periode, og at marknadssituasjonen hentar seg opp att. Eg håper dette går seg til igjen snarast råd.

Hareid Group er ein av underleverandørane til dei to Kleven-eigde verfta Kleven Verft og Myklebust Verft. På spørsmål om permitteringane har noko med den vanskelege økonomiske situasjonen til Kleven-konsernet å gjere, svarer konsernsjefen:

– Eg ønskjer ikkje å kommentere noko meir kring dette, seierDyrhol.

Saka blei først publisert på Vikebladet.no