Hareid Group: Må permittere tilsette

Hareid Group må gjere grep i forhold til marknadssituasjonen.

Hareid Group sitt hovudkontor på Raffelneset på Hareid. Arkivfoto  Foto: OLE-OTTAR HØGSTAVOLL/ Vikebladet Vestposten

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten)  Vikebladet Vestposten erfarer at det er opp i mot seks tilsette ved tavleverkstaden til Hareid Group, som held til like ved hovudkontoret på Raffelneset på Hareid, som blir permitterte ein kort periode framover.

Opplever kutt i Ålesund som løftebrudd

Sverre Andreas Farstad er svært overrasket over de store kuttene som nå rammer Solstad Farstad i Ålesund. Han føler det som et løftebrudd og mener at Kristian Siem hadde vært en bedre løsning for selskapet.


– Det stemmer. Det er sendt ut permitteringsvarsel, og det blir fem-seks totalt sett som blir permitterte, seier konsernsjef i Hareid Group, Ronald Dyrhol, til Vikebladet Vestposten.

– Marknadssituasjonen er årsaka

Konsernsjefen fortel at permitteringane kjem på grunn av den generelle ordresituasjonen.

– Det er slik situasjonen ser ut no som gjer det. Marknaden er tøff for tida, og vi blir nøydde til å gjere dette grepet no, seier Dyrhol og legg til:

– Eg ønskjer sjølvsagt at dette berre blir for ein kort periode, og at marknadssituasjonen hentar seg opp att. Eg håper dette går seg til igjen snarast råd.

Hareid Group er ein av underleverandørane til dei to Kleven-eigde verfta Kleven Verft og Myklebust Verft. På spørsmål om permitteringane har noko med den vanskelege økonomiske situasjonen til Kleven-konsernet å gjere, svarer konsernsjefen:

– Eg ønskjer ikkje å kommentere noko meir kring dette, seier Dyrhol.

Saka blei først publisert på Vikebladet.no